Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Vikariat for sjukepleiarar i Surnadal kommune

Brannvesen

SURNADAL KOMMUNE HAR LEDIGE VIKARIAT FOR SJUKPLEIARAR I HELSE- OG OMSORGSTENESTENE

 

Vi  ønskjer oss båder erfarne og nyutdanna søkarar, også deg som er i ferd med å fullføre sjukepleieutdanning i 2020.

 

Kvalifikasjonar:

- norsk offentleg autorisasjon som sjukepleiar eller du er i ferd med å fullføre sjukepleieutdanning i år 

- du kommuniserer godt på norsk og har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar

- samhandling med andre faggrupper

- koordinering og dialog med andre omsorgstenester/omsorgstilbud og spesialistehelseteneste

- veiledning, deltaking i refleksjonsgrupper, tverrfagleg samarbeid

- dokumentasjon og bruk av fagsystemet Gerica

- legemiddelhandtering/Multidose

 

Personlege eigenskapar:


Vi ser etter deg som vil vere med og skape ein meiningsfylt og trygg kvardag for pasientar og brukarar. Du ser verdien av heilheitleg og personsentrert omsorg opp mot betydninga aktivitet har for å mobilisere ressursane til kvar enkelt pasient.

Du brenn for faget ditt, du tek ansvar og arbeider målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.

Du framstår som vennleg, tillitvekkande og fleksibel. Samtidig viser du initiativ og er delaktig i utviklinga av godt pasientarbeid gjennom å ha pågangsmot og fokus på løysingar.

Vi øsnkjer oss deg som har gode samarbeidsevner og som ser verdien av å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

 

Vi tilbyr:


- lønn i tråd med gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjerlse etter reglane i kommunen sin personalplan

 

Tilsettingsvilkår:


Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

 

Søknad:


Søkarane blir vurdert ut frå opplysningar som er lagt inn i det elektroniske søknadsskjemaet. 

Skriv gjerne noko i søknadsbrevet ditt om kva eining du helst kan tenkje deg å arbeide i.

Det blir halde intervju med aktuelle søkarar. Vitnemål og attestar er først aktuelt å ta med om ein blir kalla inn til intervju