Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711938Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 09.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Vi søkjer sommarvikarar til arbeid i heimetenesta, ved legekontoret og innan psykisk helse
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har framleis nokre ledige sommarjobbar i helse og omsorg, og treng aktuelle kandidatar til vikariat på desse arbeidplassane våre :
- Heimetenesta (sjukepleiarstudentar)
- Fjaler legekontor
- Psykisk helse
Det er fint om du skriv i søknaden kva teneste du søkjer sommarjobb ved og kva periode du kan jobbe. Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden blir prioriterte.
Dersom du ønskjer ferie i løpet av sommaren må du presisere tidsrom i søknaden din.
Dersom du ønskjer ferie i løpet av sommaren må du presisere tidsrom i søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåvene er varierande alt etter kvar du arbeidar. Døme på oppgåver er pleie, omsorg, miljøarbeid og praktisk bistand i heimetenesta, og administrative oppgåver på legekontor.
- Fokus på gode tenester til brukarar og pasientar.
Kvalifikasjonar
- Alle søkjarar må ha fylt 18 år.
- Det er ein fordel om du har fullført, eller er under utdanning innan helse- og sosialfaglege yrke som t.d. sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/helsefagarbeidar etc.
- Søkjarar til arbeid i heimetenesta og innan psykisk helse må ha førarkort klasse B.
- Alle sommarvikarar må levere politiattest og få godkjend MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding.
- Søkjarar må kunne kommunisere godt på norsk.
Personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med menneske
- Vere fleksibel
- Evne til samarbeid
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og lokale avtalar, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna ut frå studieforløp
- Pensjonsopptening i KLP
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3711938Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 09.04.2021