• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Dale i Sunnfjord
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3710385
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 09.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Vi søkjer ingeniør/konsulent - byggesak

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Grunna auka mengde saker til behandling, har vi no ledig ei 100% fast stilling ved teknisk kontor.

Den vi ser etter har erfaring innan byggesaksbehandling og offentleg forvaltning. Hovudoppgåvene vil bli saksbehandling av byggesaker, frådelings- og dispensasjonssaker og oppgåver i samarbeid med arealplanleggjar.

Vil du vite meir om stillinga og korleis vi jobbar i avdelinga? Ta gjerne kontakt med oss, vi ser fram til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling av byggesaker, samt frådelings- og dispensasjonssaker
  • Oppgåver i samarbeid med planleggjar
  • Rettleiing av publikum
  • Andre relevante arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan relevant fagområde frå universitet eller høgskule. Vi vil også vurdere kandidatar med teknisk fagskule og erfaring frå byggesaksbehandling
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat sektor
  • God kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk
  • Førarkort klasse B

Om deg

  • Du trivast med å finne gode løysingar i arbeidskvardagen
  • Du er dedikert til faget ditt og oppgåvene dine
  • Du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar godt både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt arbeidsmiljø saman med engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Dale i Sunnfjord
    FJALER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3710385
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 09.04.2021