• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859529
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Vi ønskjer oss barnehagelærarar som set pris på gode relasjonar og ein variert kvardag

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein av dei vi ser etter?

Yksnebjør barnehage har ledig ei fast 100 % stilling som barnehagelærar frå 13. august 2020. I tillegg har vi ledig ei mellombels 100 % stilling frå 13. august 2020 og ut barnehageåret 2020/21.  

Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette, har engasjement og initiativ, og som kan syne empati og gje god omsorg for barna.

Kan dette vere noko som passar for deg? I så fall håper vi at du tek kontakt med oss eller sender ein søknad innan 19. april. 

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå. Andre med relevant utdanning og erfaring kan og søkje
  • Gode norskkunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Givande leik med flotte barn kvar dag
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859529
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020