• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4939172
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Vi har ledig lærarstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. 

Arbeidsstad

Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert.  Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn.

 Vi har behov for fleire dyktige lærarar og kan tilby 100 % stilling ut skuleåret 2022-2023

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • faglæraroppgåver
  • arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar
  • følge opp elevar med særskilte behov
  • delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
  • bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonar

  • grunnskulelærar
  • ha utdanning innanfor basisfaget matematikk
  • ha fagkompetanse i naturfag, kunst- og handverk og mat & helse
  • ha utdanning og/eller erfaring med spesialpedagogikk
  • har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
  • vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • 100 % stilling som timelærar
  • moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • spanande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
  • løn etter avtaleverket, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr. 24 000,- pr år.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer

For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4939172
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.01.2023