• Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    10.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4336111
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 04.02.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Mattilsynet

Veterinær

Offentlige tjenester og forvaltning

Ønskjer du ein meiningsfylt jobb kor du bidreg til å betre dyrevelferda?

I Mattilsynet kan du bruke kunnskapen din som veterinær til å gjere ein forskjell.

Avdeling Sunnfjord og Sogn ligg i Vestland fylke. Avdelinga har til saman 27 tilsette fordelt på 3 kontorstader; Førde, Sogndal og kjøtkontrollen i Førde. Denne stillinga har kontorstad Førde. Førde er regionsenter med gode moglegheiter for handel, kultur og sport. Det er kort veg til tur- og friluftområde både vinter og sommar. Det er òg sjø, vatten og lakseelvar i nærleiken.  

Kvalifikasjoner:

For å jobbe som veterinær i Mattilsynet må du ha norsk autorisasjon. 

Mykje av jobben er undervegs, så du treng førarkort (klasse B)

Sjølv om det er ein fordel med relevant erfaring, oppmodar vi òg deg som nyutdanna til å søkje.

Personlige egenskaper:

Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø kor ulike yrkesgrupper samarbeider og deler kunnskap, og vi forventar at du bidreg positivt. 

Ein del av arbeidet blir utført i samarbeid kollegaer, men mykje av arbeidet er sjølvstendig og krev at du tek ansvar for eiget arbeid og styrer arbeidsdagen sjølv.

Vi legg vekt på god kommunikasjon med dyreeigarar, du må difor kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skrifteleg. 

Mattilsynet er ein kunnskaps- og beredskapsorganisasjon. Du må vere open for å bidra på ulike område og ved kritiske situasjonar.

I dagens digitale samfunn nyttar også Mattilsynet digitale verktøy, og du bør vere fortruleg med dette og open for nye digitale løysingar.  

Vi tilbyr:

I Mattilsynet får du ein meiningsfylt jobb kor du bidreg til betre dyrevelferd, dyrehelse og folkehelse. 

Du jobbar tett saman med veterinærar og andre tilsett i eit tverrfagleg og svært godt arbeidsmiljø. 

Vi har faste arbeidstider og ordning med fleksitid. 

Du får tilbod om kurs og fagleg utvikling. 

Som tilsett i staten har du tilgang på gode sosiale- og velferdsordningar, samt gunstige pensjons- og låneordningar i Statens Pensjonskasse. 

Stillinga vert lønna som førsteinspektør (kode 1498) kr 550 000-620 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan kode 1499 seniorinspektør og høgare lønn bli vurdert.                                                                                                                                                                                                                                                                        

Tiltreding snarast eller etter avtale.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                        

Slik søkjer du

Elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem WebCruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.

Ver vennleg å registrere CV, samt laste inn vitnemål og attestar som vedlegg.

 

  • Bedrift
    Mattilsynet
  • Søknadsfrist
    10.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4336111
  • Se her for andre jobber fra Mattilsynet
  • Oppdatert 04.02.2022