Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vest Telemark Brannvesen

Vest Telemark brannvesen søkjer etter 2 nye feiarar

Brannvesen

Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Vi har i dag 6 feiarar tilsett.

Då oppdragsmengda er aukande grunna ny forskrift med pålegg om feiing og tilsyn av både bustader og fritidsbustader har vi behov for å etablere nye feiarlag med oppstart frå 01.01.2020.
Vi søker derfor etter to nye feiarar.

Feiarane har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkjarar som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar.

Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader/fritidsbustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.

KRAV TIL STILLINGA:

  • Fagbrev som feiar/eller anna relevant håndverkarfagbrev. Den som får jobben må vera viljug til å ta utdanning som fyller forskriftskrav dersom dette manglar.
  • Sjølvstendig og påliteleg.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data.
  • Førarkort klasse B.
  • God helse og fysikk.

Ein vil oppmode kvinner om å søkje.

Lønn etter avtale. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.

Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse og politiattest av nyare dato.

Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids- og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar.

Søknad med CV kan sendast: Vest Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.
Eller: tore.metveit@vtbv.no innan 20.08.19

Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit, tlf. 970 16 957 eller styreleiar Gunnar Eilefstjønn, tlf. 917 74 311.