Send Søknad

Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

VERTSKAP i 75% stilling

Ved VOSS FOLKEMUSEUM er det ledig engasjement som

VERTSKAP i 75% stilling

Voss folkemuseum skal opna ny basisutstilling sommaren 2020. Fram til 1.9.2020 ynskjer me avlasting i publikumsarbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • Publikumsmottak
  • Omvisingar
  • Førefallande museumsarbeid som registrering av gjenstandar, eller oppdatering av nettside og sosiale media

Det må påreknast noko helgearbeid. I sommarsesongen vert omvising ei hovudoppgåve.

Kvalifikasjonar:

  • Du er open, omgjengeleg, ryddig og sjølvstendig
  • Glad i å snakka med folk, og kan gjerne ha interesse for kulturhistorie
  • Snakkar og skriv norsk og engelsk godt
  • Gode datakunnskapar

Det kan verta aktuelt med utviding av engasjementet.

For meir informasjon, kontakt Eirik Helleve, mob. 908 03 570.

Send søknad til personal@hvm.museum.no seinast 25.3.2019.