• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3298272
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 25.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune har ledig 100% fast stilling som vernepleiar i Bu og miljøtenesta ved avdeling i Leikanger. Stillinga er ledig frå snarast

 

Bu og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typer nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukergrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde elkler erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og tenestetilbod

 

Arbeidsoppgåver:

· Arbeidsoppgåver i heildøgnstiltak for ung vaksen person med utviklingshemming

· Turnusarbeid med arbeid 4. kvar helg

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

Sentrale ansvarsområde:

· Helsefaglege vurderingar og iverksetje tiltak

· Miljøterapi i dagleglivet

· Primærkontakt med ansvar for tiltaksplan

· Koordinator med ansvar for individuell plan

 

Kvalifikasjonar:

· Vernepleiar eller sjukepleiar

· Erfaring frå arbeid med menneskjer med utviklingshemming

· Førarkort klasse B

· Ønskeleg med vernepleiar med tilleggsutdanning innan fagfeltet

· Fordel med erfaring med miljøterapi

 

Personlege eigenskapar:

· Gode samarbeidsevnar, for å nå felles mål

· Evne til å dele kunnskap med andre faggrupper

· Reflektert og løysingsorientert, og god på å skape resultat saman med andre

· God munnleg og skriftleg framstillingsevne

· Evne til å skape tillit, initiativrik, og fleksibel

· Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Spesielle vilkår for stillinga:

Den som vert tilsett må leggje fram:

- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato

- Politiattest av ny dato

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Løn etter tariff

 

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3298272
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 25.11.2020