• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4213758
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vernepleiar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ein 100 % fast stilling som vernepleiar ved Kvernhusmyrane bufellesskap. Arbeidstida vil vere vanlege vakter i veka og langvakter kvar 4. helg.

Om Kvernhusmyrane bufellesskap 

Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gje tilpassa tenester med mål om at den einskilde person skal oppleve meistring og sjølvbestemmelse, og å få rett hjelp og støtte for å kunne leve eit godt liv. For å få dette til treng me vernepleiar med engasjement og pågangsmot. 

Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktoppgåver
  • Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
  • Oppgåver delegert frå leiar
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
  • Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, -  igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
  • Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
  • Pårørandesamarbeid

Kompetansekrav

  • Offentleg godkjend vernepleiar. Helsefagarbeidar med brei erfaring og i tillegg personlig egnethet kan i nokon tilfeller kompensere for manglende utdanning. Andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning innan helse-, sosialfagleg og/eller pedagogisk utdanning kan og søkje.  
  • Evne til å takle ande personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

  • Stort engasjement for faget og brukargruppa
  • Evne til empati og til å sjå den einskilde brukar
  • God fysisk og psykisk helse
  • Evne til å prioritere i ein travel kvardag og få arbeidet unna
  • Gode samarbeidsevner
  • Ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Løn etter tariffavtale 
Pensjonsordning frå KLP 
Personleg og fagleg utvikling
Moglegheit for relevant vidareutdanning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4213758
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.12.2021