Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Verkstadleiar - SoMe verkstad

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Hordaland fylkeskommune har som mål å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Ei viktig satsing i dette er å få ungdom som har falt ut av vidaregåande opplæring, tilbake til opplæringa. Dette arbeidet skjer i regi av Oppfølgingstenesta i Hordaland fylkeskommune. Produksjonsskulane i Hordaland er difor definert som eit OT-tiltak. Målgruppa er ungdom mellom 16 og 21 år som har falt ut av vidaregåande opplæring og som treng ein veg inn igjen. Gjennom deltaking på produksjonsskulen skal ungdomen få danning og kvalifisering gjennom ein reel produksjon, lære om arbeidslivet sine spelereglar, få opplæring i grunnleggjande ferdigheitar etter behov og naudsynt rådgiving. Tiltaket er basert på praktisk arbeid og produksjon knytt til ulike utdanningsprogram og skal styrke deltakarane si personlege utvikling og betre deira moglegheit i utdanningsløpet.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein kandidat med fagkunnskap og erfaring knytt til bruk av sosiale media (SoMe) i kommersiell, profesjonell og marknadsretta verksemd, som ønskjer ei spennande og annleis utfordring. Du må vidare vere motivert til å engasjere deg i utforminga av eit allmennyttig utdanningstiltak som vil ha stor positiv påverking på mange ungdommars framtidige liv.

Du vil vere med å utvikle ein heilt ny verkstad ved Hardanger produksjonsskule for undommar  som ynskjer å gå djupare inn i bruk av alle redskaper og funksjonar på dei ulike SoMe plattformene.

Kvalifikasjonar

Aktuelle kandidatar bør ha djupneerfaring frå ein eller fleire sentrale disipliner innan marknadsføring, tekstproduksjon, foto, video og filmproduksjon for å ha nødvendinge verktøy til å lage profesjonelle profilar og marknadsføringstiltak på dei ulike SoMe-plattformar. Det vil vere positivt dersom du i tillegg har erfaring og kunnskap innan anna kreativt arbeid som kan nyttast i verkstaden.

Den som skal tilsetjast må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Produksjonsskulen sitt mandat er likeså mykje relatert til personleg og sosial utvikling som fagleg kunnskap. Verkstadansvarlege må derfor ha sosiale og pedagogiske evner, vere engasjert og like å arbeide med ungdommar.

Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.

Vi tilbyr
  • Hardanger produksjonsskule kantine på skulen og vil vere hjelpsame med å finne bustad.
  • Løn etter fylkeskommunale regulativer med gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Andre opplysningar

  •  Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
  •  Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader