• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3231765
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 19.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Vakande nattevakt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fast stilling i 69 % som vakande nattevakt i bufellesskap. Vakande nattevakt med ansvar for alle bebuarar ved Skottebakken bufellesskap. Nattevakt er aleina på natt. Helsefaglig kompetanse er eit krav. Arbeid i turnus, 3. kvar helg. Skottabakken bufellesskap arbeider etter årsturnus.

20. mars flytta bebuarane inn i nytt bufellesskap på Skottabakken, og eit nytt senter for funksjonshemma vart dermed opna i Samnanger. Me søkjer etter engasjerte medarbeidarar. Tiltaket er tilrettelagt for bebuargruppa, noko som blir gjenspegla i utforminga av bygning og uteområde. I samband med dette skal me tilsetja dyktige folk som vil bidra i ein hektisk, spennande og morosam prosess mot å utvikla eit nytt senter med høg fagkompetanse. Me ynskjer deg som vil vera med på å utvikla faget og tilbodet og skapa eit miljø for utvikling og rettleiing. 

Likar du å jobba tett på menneske?  Bidrar du til eit godt miljø for dei rundt deg?  Er du nytenkjande og løysingsorientert. Då ønsker me at du søker! Menn blir oppmoda til å søkja.

 Arbeidsoppgåver:

  • Pleie og miljøterapi
  • Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
  • Ansvar for gjennomføring av tiltak jf. HOL. kap. 9
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
  • Bidra til godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar:

  • Me søkjer etter personar med relevant helsefagleg utdanning, for eksempel sjukepleiar, helsefagarbeidar eller vernepleiar. Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ynskjeleg
  • Kompetanse eller erfaring med utviklingshemma/psykiatri vil bli vektlagd
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B.
  • Den som vert tilsett, må leggja fram godkjent politiattest, jf. krav i helse- og omsorgstenestelova p.5-4.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Strukturert
  • Godt humør
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Fleksibel og lojal
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar

 Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med kjent, stabilt og kvalifisert personale
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel turnus / årsturnus, mulighet for å gå langvakter
  • Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

https://www.klp.no/

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3231765
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 19.10.2020