• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4341606
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 19.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Ungdomsrettleiar- 100% vikariat som rådgjevar - Nav Øygarden

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV Øygarden har om lag 80 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vikariatet som ungdomsrettleiar er organisert under Avdeling Ungdom. Avdelinga har 15 tilsette.

Ønsker du å jobbe med ungdom som treng rettleiing og oppfølging frå NAV for å kome i utdanning eller jobb? Er du ein fleksibel person som er god til å motivere, har pågangsmot, engasjement og som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåve? Då er du truleg den vi ser etter.

Vi har ledig 100% vikariat som rådgjevar med oppstart frå snarast til og med 31.10.22, med moglegheit til forlenging inntil to år.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følge opp eiga portefølje med unge arbeidssøkjarar som ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot utdanning eller jobb
  • Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av ungdomar mellom 16 – 30 år med råd og rettleiing etter Lov om sosiale tenester i NAV § 17
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike kommunale einingar, arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar, tiltaksarrangørar, helsevesen mm

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Minimum Bachelor innan helse/sosial/pedagogikk/samfunnsfag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande

Ønskjeleg med:

  • Rettleiingskompetanse
  • Kjennskap til NAV sine teneste

Personlege eigenskapar:

  • Du har pågangsmot, er nysgjerrig og uredd
  • God relasjons- og kommunikasjonsevne

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

  

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4341606
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 19.01.2022