• Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3907012
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Undervisningsstilling i øyriket Solund, heilt vest i Noreg

Solund kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Solund, øyriket ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på både sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

 

Ledig undervisningsstilling, vikariat

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 70 elevar, lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 12 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og fagarbeidarar. Vi arbeider prosessorientert i utviklingsarbeidet vårt og prøver å ta med erfaringar vi gjer oss undervegs når vi skal til med endra praksis for å auke læringsutbytte hjå elevane. Ved SFO er det om lag 8 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.

 

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig stilling for den som

- har kompetanse til å undervise på 1.-4.trinn, fortrinnsvis engelsk

- har kompetanse til å undervise i valfaga tysk og spansk på ungdomskulen. Skuleåret 2020 -2021 gjorde vi oss gode erfaringar med digital undervisning på TEAMS i valfaget tysk. Og ser gjerne på løysing med å gjere det kommande skuleår også. 

- har kompetanse til å undervise i faga kunst og handverk og musikk

- er villeg til å ta på seg oppgåver som dukkar opp undervegs

- ønskjer utvikling, leitar etter løysingar og nyttar handlingsrommet som ligg i skulekvardagen. 

 

Kvalifikasjonar

- har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse

har fag i fagkretsen som skulen har behov for

- søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning

 

Personlege eigenskapar 

- har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima

vil vere med og utvikle miljø for lærelyst

likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte

ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader

har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar

tek ei utfordring på strak arm

har lyst å vere del av eit lite samfunn

har evna til å bygge relasjonar

 

Vi tilbyr

- Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Redusert undervisningstid vert følgt opp med mentor og rettleiing.

- Rekrutteringstiltak, mellom anna nytte stipendordning i tråd med rettninglinjene til UDIR

- Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet

- Verte del av ei personalgruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar

 

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg. Solund kommune brukar nynorsk skriftspråk. 

 

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.

 

I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

 

Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

 

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit. Søknadar som ikkje vert levert elektronisk vert ikkje vurdert vidare i prosessen.

 

Velkomen som søkjar!

 

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 

 
  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3907012
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune