• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591915
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 30.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Undervisningsstilling i innføringsklasse - 200 % midlertidig stilling

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Det er ledig inntil 200 % undervisningsstilling engasjement ved Helland barneskule knytt til ei innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar perioden 01.08.2022 - 31.07.2023. Det kan vere aktuelt å undervise på ordinære klassesteg også.

Innføringsklassa følgjer læreplan for grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og vil bestå av elevar frå fleire klassetrinn.

Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar
- spesialkompetanse innanfor norskopplæring for minoritetsspråklege
- andre fagområde kan også vere aktuelle, så spesielt innanfor norskfaget.
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Stillingsfunksjon
    Engasjement
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591915
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 30.04.2022