• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4685594
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 28.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Undervisningsstilling, 100% vikariat Måndalen skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Måndalen skule har ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå og med 1. august 2022 og til 31. juli 2023

Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 87 elevar fordelt på 1. 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning hovudsakleg på 5.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærar 5-10.
  • Ulike fag er relevant.
  • God digital kompetanse, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Relevant erfaring er ønskjeleg.

Søkjarar med anna pedagogisk utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 

Søknad 
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. 
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4685594
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 28.06.2022