• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4143172
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Undervisningsinspektørar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Sagstad skule er det frå 01.01.22 ledig to 100% stillingar som undervisningsinspektør i faste stillingar.

Om Sagstad skule

Sagstad skule er ein barneskule som ligg i kort avstand frå Frekhaug senter, på søre del av Holsnøy i Alver kommune. Det er god kollektivtransport til og frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen er under ½ time. Vi har 460 elevar, fordelt på 23 klassar. Personalet består av ca 70 tilsette i ulike stillingar. Satsingsområda hos oss, og i kommunen dei komande 3-5 åra, er lesing, LK20 og organisasjonsutvikling. Skulen har stort fokus på eit godt og inkluderande miljø, både blant elevar og dei tilsette.

Skulen går med dette over frå to undervisningsinspektørar til tre, ein for kvar av avdeling/team på skulen. Leiarteamet vil då bestå av tre undervisningsinspektørar, SFO-leiar og rektor.

Stillingane består i dag av 70% leiing og 30% undervisning men fordelinga kan bli endra ut frå skulen sine behov.

Arbeidsoppgåver 

Døme på oppgåver er:

  • pådrivar i utviklingsarbeidet og utviklingsgruppa på skulen.
  • hovudansvaret for oppfølging av avdeling/team i samarbeid med teamleiar
  • utvikling og oppfølging av skulen sin pedagogiske praksis
  • førebuing, gjennomføring og oppfølging av nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar
  • ansvar for organisering av alternative skuledagar
  • ansvar for timeplanlegging, disponering av rom, inspeksjonsplan
  • ansvar for dagleg personaldisponering, ta i mot meldingar om fråvær, skaffe vikar ved sjukdom og anna fråvær.
  • diverse andre leiaroppgåver som blir fordelt mellom alle i leiarteamet etter kompetanse og ønskje
  • vikararbeid/elevretta arbeid i den delen av stillinga som er knytt til undervisning

Arbeidsoppgåvene vil bli fordelt mellom inspektørane ut frå kompetanse og erfaring.

Kvalifikasjoner

Du må ha:

  • Undervisningskompetanse og undervisningserfaring
  • God dugleik i norsk, både skriftleg og munnleg. Kommunikasjonsferdigheiter er vesentleg for stillinga. 

Ønskjeleg at du har:

  • Leiarerfaring
  • God digital kompetanse
  • God analysekompetanse
  • Rektorutdanninga (eller vilje til å ta studiet på sikt)

Me søkjer deg som er ein pådrivar i utviklingsarbeid og drift av skulen. Du engasjerer deg i endringsprosessar og er opptatt av at skulen sin pedagogiske praksis skal ha utspring i dei ulike profesjonsfellesskapa på skulen.

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette
  • Du er sjølvstendig, men samtidig samarbeidsvillig
  • Du er løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel, initiativrik, strukturert og kreativ
  • Du er ansvarleg
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å takle ein hektisk kvardag
  • Du er fagleg oppdatert
  • Du har godt humør

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

  • Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning/leiarutdanning
  • God pensjonsordning i SPK

Vilkår

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4143172
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.10.2021