• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3213768
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Undervisningsinspektør Rossland skule - fast - 100 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Rossland skule er det frå 01.01.21 ledig to 100% stillingar som undervisnings-inspektør (avdelingsleiar/fagansvarleg) i faste stillingar.

Om Rossland skule

Skulen ligg på Rossland, nordre del av Holsnøy i Alver kommune, ca. 20 min frå Knarvik og 30 min frå Åsane. Vi har 235 flotte elevar, fordelt på 13 klassar og 10 trinn. Personalet består av 45 flinke tilsette i ulike stillingar. Satsingsområda hos oss, og i kommunen dei komande 3-5 åra, er lesing, LK20 og organisasjonsutvikling. Vi er ein MOT-skule, Trivsels Leiar-skule og med i pulje 4 i Inkluderande Barnehage og Skulemiljø (IBS).

Skulen går med dette over frå èin undervisningsinspektør til to, èin for barneskulen og èin for ungdomsskulen. Leiarteamet vil då bestå av to undervisningsinspektørar, SFO-leiar og rektor.

Stillingane består kvar av minimum 60% leiing og inntil 40% undervisning.

Arbeidsoppgåver 

Døme på oppgåver er:

  • pedagogisk leiing og skuleutvikling
  • hovudansvaret for dagleg drift på eiga avdeling
  • oppfølging av elevar og føresette på eiga avdeling
  • delegert personalansvar for dei tilsette på eiga avdeling
  • diverse andre leiaroppgåver som blir fordelt mellom alle i leiarteamet etter kompetanse og ønskje
  • undervisning i inntil 40% av stillinga

Leiarteamet vil då bestå av to undervisningsinspektørar, SFO-leiar og rektor.

Kvalifikasjoner

Må ha:

  • Undervisningskompetanse og undervisningserfaring
  • Gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

Ønskjeleg at du har:

  • Leiarerfaring
  • God digital kompetanse
  • Spes.ped utdanning (ein av dykk)
  • Rektorutdanninga (eller vilje til å ta studiet på sikt)

Me søkjer personar som kan delta i utviklingsarbeidet og drifta av skulen.  Du treng god arbeidskapasitet. Ein god inspektør i våre auge er løysningsfokusert, klarar å halde seg fagleg oppdatert, er fleksibel og kan tilpassa seg ulike menneske og miljø. Du må ha god skriftleg – og munnleg framstillingsevne. Kommunikasjonsferdigheiter er vesentleg for stillinga. 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette.
  • Sjølvstendig, men samtidig samarbeidsvillig
  • Løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel, initiativrik, strukturert og kreativ
  • Ansvarleg
  • Stor arbeidskapasitet
  • Fagleg oppdatert
  • Godt humør

Vi tilbyr

  • Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning/leiarutdanning
  • God pensjonsordning i SPK


Vilkår

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltrede.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3213768
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.10.2020