Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613644Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Undervisningsinspektør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
Det er ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør ved Leikanger ungdomsskule frå 01.08.2022.
Skulen ligg fint til like ved Sognefjorden på Leikanger. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden. Skulen har pedagogisk entreprenørskap som ein del av verksemda. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar - gjennom partnarskapsavtalar vert vektlagt. Skulen har delteke i mange internasjonale prosjekt. Skulen har fast samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er ein av lærarutdanningsskulane i regionen.
Som undervisningsinspektør på Leikanger ungdomsskule skal du samarbeida med omlag 16 tilsette som driv læringsarbeidet for 95 elevane frå 8. til og med 10. trinn. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande nestleiar ved skulen som kan vera med å realisera Leikanger ungdomsskule som ein framtidsretta skule.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
- Administrasjonsoppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid i samråd med rektor
- Samspel med elevar, foreldre og samarbeidspartar
- Sosiallærarfunksjonen er inkludert i stillinga
- Koordinator for spesialundervisninga
- Undervisning
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare pedagogisk utdanning og gjerne leiarutdanning/-erfaring
- Undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
- Utdanning og/eller erfaring med spesialundervisning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
- Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
Personlege eigenskapar:
- Har gode leiareigenskapar og evne til lagarbeid
- Er interessert i utviklingsarbeid og kan vera med å leia prosessar
- Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta
- Har god samarbeidsevne
- Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar
- Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig
- Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede
- Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Berre søknadar mottekne innan fristen og levert via Easycruit, vert vurderte
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
22.05.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4613644Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.05.2022