Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
27.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3933005Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 16.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Undervisningsinspektør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
Det er ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør ved Leikanger ungdomsskule frå 01.09.2021.
Skulen ligg fint til like ved Sognefjorden på Leikanger. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden. Skulen har pedagogisk entreprenørskap som ein del av verksemda. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar - gjennom partnarskapsavtalar vert vektlagt. Skulen har delteke i mange internasjonale prosjekt. Skulen har fast samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er ein av lærarutdanningsskulane i regionen.
Som undervisningsinspektør på Leikanger ungdomsskule skal du samarbeida med omlag 20 tilsette som driv læringsarbeidet for 130 elevane frå 7. til og med 10. trinn. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande nestleiar ved skulen som kan vera med å realisera Leikanger ungdomsskule som ein framtidsretta skule.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Administrasjonsoppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid i samråd med rektor
Samspel med elevar, foreldre og samarbeidspartar
Sosiallærarfunksjonen er inkludert i stillinga
Koordinator for spesialundervisninga
Undervisning
Kvalifikasjonar:
Relevant høgare pedagogisk utdanning og gjerne leiarutdanning/-erfaring
Undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
Utdanning og/eller erfaring med spesialundervisning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
Personlege eigenskapar:
Har gode leiareigenskapar og evne til lagarbeid
Er interessert i utviklingsarbeid og kan vera med å leia prosessar
Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta
Har god samarbeidsevne
Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar
Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig
Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede
Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
27.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3933005Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 16.06.2021