Detaljer

  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    05.01.2020
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    SOGN OG FJORDANE
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2341001
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Undervisningsinspektør

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har vi opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Er du vår nye kollega?

Solund kommune har ledig 100 % stilling som undervisningsinspektør. Stillinga er eit vikariat til og med 31.12.2023, med moglegheit for fast tilsetting.

Til stillinga ligg det både administrasjon og undervisning. Kva administrative oppgåver som ligg til stillinga vert avtala med rektor og vert gjort med bakgrunn i den som vert tilsett sin kompetanse og erfaring samt skulen sitt behov. Stillingstorleiken som undervisningsinspektør er minst 30 %. Administrativ stillingsstorleik vil varier ut i frå om skulen deltek i utviklingsarbeid/særskilte prosjekt då arbeidsoppgåver knytt til dette ligg til stillinga. Det ligg til stillinga å vere stadfortredar for rektor. Skuleleiinga føl eit ordinært arbeidsår.

Vi ønskjer undervisningsinspektør som:
- har relevant pedagogisk utdanning og undervisningserfaring
- har utdanning innan organisasjon, leiing og læring ved offentlege organisasjonar/rektorskule
- har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
- likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
- er opptekne av å utvikle både eigen og skulen sin praksis, og torer å gå laus på nye oppgåver
- kan arbeide sjølvstendig og er trygg på seg sjølv i møte med andre
- ser skulen i ein heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
- meistrar digitale hjelpemiddel
- har humor, er fleksible og er opptekne av å samarbeide.
- tek ei utfordring på strak arm

Skulen har behov for ulik fagkompetanse, og undervisningsdelen av stillinga vil verte fylt opp med undervisning. 

Kvifor Solund?
- Høve til å påverke skuleutvikling
- Kjekke elevar og medarbeidarar
- Rom for eige initiativ og engasjement

Vi tilbyr:
- ei spanande stilling med høve til eigenutvikling
- god pensjonsordning i KLP
- løn etter avtale
- hjelp til å skaffe bustad

Tilsetting elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Prøvetid med 6 månader.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med:
Rektor Gunnlaug Olsvoll Røed, tlf. 908 55 224

Velkommen som søkjar.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.