• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954204
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Undervisningsinspektør - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Sagstad skule er det frå 01.08.23 ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør.

Om Sagstad skule

Sagstad skule er ein barneskule som ligg i kort avstand frå Frekhaug senter, på søre del av Holsnøy i Alver kommune. Det er god kollektivtransport til og frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen er under ½ time. Vi har 480 elevar, fordelt på 23 klassar. Personalet består av ca 75 tilsette i ulike stillingar. Satsingsområda hos oss, og i kommunen dei komande 3-5 åra, er lesing, LK20 og organisasjonsutvikling. Skulen har stort fokus på ein fellesskapande didaktikk med høg grad av elevmedverknad og elevaktivitet.

Vi søkjer no etter ein ny undervisningsinspektør som skal være ein del av leiarteamet ved skulen og ha hovudansvar for oppfølging av 1.-3. trinn. Leiarteamet består av tre undervisningsinspektørar, SFO-leiar og rektor.

Til stillinga ligg det i dag i dag av 70% leiing og 30% undervisning men fordelinga kan bli endra ut frå skulen sine behov.

Arbeidsoppgåver 

Døme på oppgåver er:

  • pådrivar og støtte for lærarane i utviklingsarbeidet.
  • være med på å organisere skulen for at lærarane i stor grad kan drive utviklingsarbeidet ved skulen
  • delta i utviklingsgruppa på skulen
  • hovudansvaret for oppfølging av 1.-3. trinn, fagoppfølging, resultatoppfølging og personaloppfølging
  • utvikling og oppfølging av pedagogiske praksis i tråd med skulen og skuleeigar sine satsingsområder
  • førebuing, gjennomføring og oppfølging av kartleggingsprøvar
  • diverse andre leiaroppgåver/administrativt arbeid som blir fordelt mellom alle i leiarteamet etter kompetanse og ønskje
  • vikararbeid/elevretta arbeid i den delen av stillinga som er knytt til undervisning

Arbeidsoppgåvene vil bli fordelt mellom inspektørane ut frå kompetanse og erfaring.

Kvalifikasjoner

Du må ha:

  • Undervisningskompetanse på 1.-7. trinn og nokre års undervisningserfaring
  • God dugleik i norsk, både skriftleg og munnleg

Ønskjeleg at du har:

  • Nyare erfaring med begynneropplæring
  • God digital kompetanse
  • God analysekompetanse

Me søkjer deg som er ein pådrivar i utviklingsarbeid og i organisering og drift av skulen. Du engasjerer deg i endringsprosessar og er opptatt av ein forskingsinformert pedagogisk praksis. Du er opptatt av at skulen sin pedagogiske praksis skal ha utspring i dei ulike profesjonsfellesskapa på skulen og ser verdien av at fellesskap i klassen blir skapt gjennom lærarane sin didaktiske og pedagogiske praksis.

Du har god arbeidskapasitet og evne til å takle ein hektisk kvardag. Du er løysningsfokusert, klarar å halde deg fagleg oppdatert, er fleksibel og kan tilpassa deg ulike menneske og miljø. Du må ha god skriftleg – og munnleg framstillingsevne. Kommunikasjonsferdigheiter er vesentleg for stillinga. 

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og tilsette
  • Du er sjølvstendig, men samtidig samarbeidsvillig
  • Du er løysingsorientert, sjølvstendig, fleksibel, initiativrik, strukturert og kreativ
  • Du er ansvarleg
  • Du har stor arbeidskapasitet og vilje til å ta på deg arbeidsoppgåver
  • Du er fagleg oppdatert
  • Du har godt humør og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø på skulen

Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

  • Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning/leiarutdanning
  • God pensjonsordning i SPK


Vilkår

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954204
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.01.2023