Detaljer


Undervisning: realfag

Amalie Skram vidaregåande skule ligg i Bergen sentrum og har omlag 1000 elevar og 130 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialiserande utdanning, medier og kommunikasjon og service og samferdsel. Skuleanlegget er samlokalisert med Bergen kommune sitt regionale symjeanlegg AdO arena.

Amalie Skram vgs har ledig vikariat i 72 % stilling i matematikk, naturfag og kontaktlærarfunksjon.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk, naturfag og kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregaåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Gode datakunnskapar.
Personlege eigenskapar
  • Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere ungdommar.
  • Gode evner til samarbeid.. 
Vi tilbyr
  • Lønn etter kvalifikasjonar.
  • Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 

Andre opplysningar 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.