Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Undervisning: norsk og engelsk

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Stend vidaregåande skule har om lag 535 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsle, allmennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

På Naturbruk har vi ledig vikariat i om lag 45% stilling innan norsk/engelsk ut skuleåret 2019/2020.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning i norsk og engelsk på Vg1 og Vg2 yrkesfag.
Vikaren inngår i team av lærarar i fellesfag.

Tverrfagleg samarbeid og yrkesretting av fellesfag er satsingsområde på skulen.

  • Kvalifikasjonar

    Høgskule/universitet, bachelorgrad

    Erfaring med undervisning frå yrkesfag.

    Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova

    Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.

    Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.  





    Personlege eigenskapar
    Du må like å arbeide med ungdom

    Vi tilbyr

    Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

    For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.

    Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.



    Andre opplysningar

     Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.