Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Undervisning: Elektrofag

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Kvinnherad vidaregåande skule har om lag 400 elevar og 80 tilsette. Eit viktig mål for skulen er å ha eit breitt opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova til næringslivet i regionen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknikk og industriell produksjon, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Service og samferdsle, Helse og oppvekstfag, og klassar med redusert elevtal.
Vi har ledig inntil 100% undervisningsstilling på elektrofag, men det kan og vera aktuelt å undervisa på andre programområder
Ta kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver
Frå 01.01.2020 eller etter nærare avtale, er det ledig undervisningsstilling på vg1 elektrofag og vg2 el-energi, innan fagområda el-energisystem og prosjektfag til fordjuping. Undervisning i enkelte deler av fag innan vg2 Kjemiprosess kan òg verta aktuelt i stillinga

Kvalifikasjonar
  • Den vi søkjer har primært yrkesfaglærar utdanning/ elektroingeniør med fagbrev innan elektrofag, minimum montørsertifikat gr. L. / relevant utdanning jf. utdanningskrav for undervisning i vidaregåande skule.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med tilrettelegging for elevar med særskilde behov
  • Gode kunnskapar innan bruk av informasjonsteknologi
  • Det er eit pluss at søkjar har kompetanse i vurdering for læring og FYR samarbeid
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova og forskrift
  • Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje frem politiattest
Personlege eigenskapar
  • God evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Tydleg og støttande leiar i klasserommet
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Relasjonsbyggar
  • Utviklingsorientert
Vi tilbyr
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
  • Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis
  • Triveleg og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Kurs og opplæringstilbod

Andre opplysningar

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
  • Nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader