Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
03.05.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4879, GRIMSTAD
GRIMSTAD
NorgeAndre arbeidssteder
VossAntall stillinger
1karriere-kode
3758725Se her for andre jobber fra Skatteetaten
- Oppdatert 22.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Skatteetaten
UNDERDIREKTØR TIL VOSS
Offentlige tjenester og forvaltning
Spennande leiarstilling i Skatteetaten på Voss
Sjølv om vakre Voss kanskje er mest kjent for Ekstremsportveko, er det ingen ekstremsport å væra leiar hos oss. Du må ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å trivast, men er du glad i naturen er det uante moglegheiter her i hjarta av Noreg. Og kva meir kan du be om – dersom du i tillegg har ein spennande jobb som denne.
Vi ser etter deg som ønsker å bidra til den spennande endringsreisa Skatteetaten står føre. Vi er ein stor etat der leiarane våre må evna å tenka heilskapleg og trivast med å samarbeida på tvers av ulike fagmiljø. Leiarar i Skatteetaten blir motiverte av å vera i ei leiarrolle, ønsker å bruka tid på leiarskap og er villige til å utvikla eige leiarskap.
Avdeling Fokusområder har ansvar for prioriterte risikoområde og komplekse forhold på skatte- og avgiftsområdet. Avdelinga skal forvalta og utvikla effektive og treffsikre verkemiddel for å handtera og førebygga avvik i etterlevelsen.
Avdelinga består av 3 seksjonar. Seksjon 2 består av 9 grupper spreidd på lokasjonar i Lillestrøm, Skien, Voss, Førde, Ålesund og Leknes. I Voss er det 1 gruppe, og består av 15 medarbeidarar. Seksjonen er samansett av tverrfagleg kompetanse og skal ha spisskompetanse på skatt og arbeidsgivaravgift.
For å ta vare på samfunnsansvaret vårt og bidra til å kjempa mot Covid-19, følgjer Skatteetaten til kvar tid dei nasjonale råda frå helsestyresmaktene. Vi gjennomfører derfor alle intervju på video inntil vidare.
Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.
Arbeidsoppgåver
* Leiing
* Utvikling av kompetanse og digitale ferdigheiter hos dei tilsette
* Forstå samfunnsutviklinga og bidra til å oppnå betre etterleving av dei høgast prioriterte risikoområda
* Bidra inn i leiargruppa til seksjonen og andre samarbeidsarenaer internt og eksternt
Kvalifikasjonar
*Relevant utdanning frå universitet/høgskule på bachelor/masternivå. Utanlandske utdanningar må vera godkjent av NOKUT. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
* Tidlegare leiarerfaring tel positivt
* God digital kompetanse
* God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
* Kompetanse innan skatte- og forvaltningsrett er ein fordel, men ikkje eit krav
* Erfaring frå organisasjonsutvikling er ein fordel
Personlege eigenskapar
* Endringsvilje og -evne
* Gode kommunikasjonsevner
* Gjennomføringsevne
* Lagspelar med fokus på samarbeid internt og eksternt
* Evne til å engasjere og motivere
Noko reiseverksemd må påreknast
Vi tilbyr
* Moglegheiter til å kombinera ei aktiv fritid med ei spennande leiarstilling
* Moglegheita til å jobba med samfunnsaktuelle saker
* Utfordrande oppgåver og store fagmiljø
* Kompetanseutvikling
* Fleksitid og betalt overtid
* Trening i arbeidstida
* Ein raus personalpolitikk
* Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som underdirektør (kode 1059), frå kr 700 000 – kr 850 000, avhengig av kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Ove Roar Buan, Seksjonssjef, 993 39 989, ove-roar.buan@skatteetaten.no
Ranveig Iversen, Underdirektør, 984 00 308, Ranveig.iversen@skatteetaten.no
I Skatteetaten får du jobbe saman med nokre av dei beste på ditt fagfelt, du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og du får moglegheit til å utvikle deg. I Skatteetaten jobbar alle mot eit felles mål, å sikre finansieringa av velferdsstaten. Skatteetaten består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar og 7 500 tilsette.
Divisjon Innsats har ansvar for skatte- og avgiftsområda som krev ekstra oppfølging for å sikre god etterleving. Det omfattar område med både stor kompleksitet og høgare risiko for feil og skatteunndraging. Divisjonen har ansvar for å følge opp etaten sitt arbeid med å motarbeide og førebygge arbeidslivskriminalitet. Innsats skal også sikra skattegrunnlaget ved internasjonale transaksjonar. Divisjonen består av rundt 1 700 årsverk.
Skatteetaten sin arbeidsstyrke skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV til å søkje våre stillingar. Vi er ein IA-bedrift og vi vil leggje arbeidsforholda til rette for deg om du har behov for det.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Du vil bli varsla viss ønskje om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
03.05.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4879, GRIMSTAD
GRIMSTAD
NorgeAndre arbeidssteder
VossAntall stillinger
1karriere-kode
3758725Se her for andre jobber fra Skatteetaten
- Oppdatert 22.04.2021