• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Teknologi
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sandane
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957713
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du bli trainee hos Convene Group?

Trainee hos Convene Group: Fleire fagfelt

Teknologi

Har du høge ambisjonar og evne til å tenke utanfor boksen? Freistar det å nyte fjord, fjell og det enkle livet på ein mindre stad, samtidig som du jobbar i eit internasjonalt konsern? Då bør du bli trainee hos oss!

 

Dette er ei unik moglegheit for deg som vil jobbe i eit teknologiselskap med sterk forankring i Sogn og Fjordane, samtidig som du sit tett på fagmiljø i Oslo. Som trainee i Convene Group blir du del av eit ungt og energisk arbeidsmiljø, der du fårpåverke og ta stort ansvar frå start om du vil.

Vår fremste oppgåve er å løyse tidsklemma til kundane våre ved hjelp av innovativ teknologi, slik at dei kan fokusere på det dei kan best.Vi tilbyr løysingar innan betaling, finansiering, fakturering, inkasso og administrasjon til helse-, trenings- og veterinærbransjen, og jobbar også med spennande satsingar mot andre typar kundar.

Seks gode grunnar til å jobbe i Convene Group:

  • Folka våre <3 Vi er ein samansveisa gjeng som trivst godt saman! Sommarfest, vinterfest, kickoff, fagkveldar eller spelekveldar, lønningspils og fellestrening - vi meiner det er viktig å ha det kjekt på jobb og at samhald skapar trivsel.
  • Kommunikasjon: Vi trur på openheit og transparens. Kvar fredag sender vår CEO ut informasjonsbrev som oppsummererveka vår. Kvar månad møtast vi til eit fellesmøte om rikets tilstand. Vi har stor takhøgde, korte avgjerdsvegar og opne dører.
  • God lokasjon: Vi har freshe lokale i både aust og vest. I Førde flytta vi inn i nyoppussa lokale i PEAK Sunnfjord i 2022. På Sandane held vi til i luftige og trivelege lokale midt i sentrum. Og i Oslo ligg kontoret vårt sentralt på Skøyen, 5-6 minutt frå tog/buss og 3 min frå trikken.
  • Fagleg utvikling: Vi syns det er gøy å lære og har sansen for folk som vil utvikle seg saman med oss. Alle tilsette kan søke om støtte via vårt kompetanseutviklingsfond som lysast ut kvart halvår. Og om du har lært noko nytt og matnyttig, deler du det gjerne med resten av gjengen.
  • Arbeidstid: Vi trur at samspelet og trivselen på kontoret er viktig for vår felles utvikling. Derfor ønsker vi at du skal tilbringe mesteparten av arbeidstida på kontoret. Samtidig har vi alle eit liv utanom jobb, og vi er fleksible ved behov.
  • Mangfald: Hos oss er det plass til alle – uavhengig av kva personleg pronomen du brukar, kvar du kjem frå, kva du trur på og kven du elskar. Vi veit at det er mangfaldet som utviklar oss.

Kva skal du jobbe med?

Vi er eit selskap i vekst og ser etter ein til totraineear som har kunnskap og er motivert til innsats innan områder som:

  • Jus
  • Teknologi
  • Forretningsutvikling
  • Økonomi
  • Rekneskap
  • Administrasjon
  • Salg
  • Marknad

Vi ser etter deg som er nyutdanna eller har vore eit par år i arbeidslivet. Du er stolt av kompetansen din, fagleg sterk, kvalitetsbevisst og ambisiøs. Du er ikkje redd for å ta initiativ, du har sterk gjennomføringsevne og arbeider godt både i team og sjølvstendig.

Har du i tillegg eit smil på lur og eit engasjement som smittar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvar skal du jobbe?

Hovudarbeidsstaden vert enten ved vårt avdelingskontor for Convene på Sandane, eller dotterselskapet vårt CrediCare i Førde. Vi har også eit stort kontor i Oslo og trur du er tent med å reise litt slik at du vert kjent med bedrifta vår på best mogleg måte.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Teknologi
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sandane
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4957713
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023