Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
15.03.2023Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
FiberoptikkUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4971832Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 24.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Framtidsfylket AS
Vil du vere med å forme utviklinga av Enivest?
Trainee: Business Intelligence Analyst – Finance and CustomerFiberoptikk
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og løysingsorientert, og som skal vere med å gjere Enivest til eit endå meir datainformert og innsiktsbasert selskap. Høres dette ut som deg? Søk traineestillinga i dag!
Innsiktsavdelinga i Enivest er ei utviding av den tradisjonelle økonomiavdelinga, og vi integrerer oss i stor grad med resten av verdikjeda. Vi ser etter deg som vil hente ut og fordjupe deg i data knytta til sal, produkt, pris, finans m.m - og som saman med kollegaer tilarbeider og presenterer innsikt på ein forståeleg og pedagogisk måte.
Selskapet sin vekst, og den generelle utviklinga i marknaden, har gjort behovet for innsikt gjennom innhenting, strukturering og analyse av data stort.Som Trainee Business Intelligence Analyst i Enivest vil du jobbe tett med andre avdelingar gjennom heile verdikjeda, og relasjonen inn mot utviklingsavdelinga vil vere viktig for å sikre datatilgang og utbetring av datakvalitet.
Du vil spele ei nøkkelrolle i at Enivest skal nå sine strategiske mål på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at beslutningstakarane har nødvendige data, rapporter og modeller for å kunne ha full kontroll, og såleis eit godt grunnlag for å ta gode avgjersle
- Utvikle og vedlikehalde brukarvennlege dashboards i Power BI, og vere ein sparring-partner ved analyse av data
- Vidareutvikle og vedlikehalde eksisterande modeller i Power BI og excel
- Bidra til å utvikle og løfte våre finansielle modeller (t.d likviditet og arbeidskapital)
- Bidra til å digitalisere og automatisere prosesser
- Bidra til løyse problemstillingar knytt til intern og ekstern rapportering
Ynskja kvalifikasjoner
- Høgare utdanning innan informatikk, ingeniørfag, matematikk, finans, økonomi eller liknande
- Relevant erfaring med dataanalyse og god forretningsforståing
- Komfortabel med å skrive SQL, og gjerne kjennskap til utviklingsspråk
- Kunnskap om databaseteknologi
- Erfaring med bruk av API
- Erfaring og interesse for datavisualisering og dashboardesign i Power BI
Personlege eigenskaper
- Interesse og nysgjerrigheit for data
- Evne til å jobbe uavhengig med store datasett
- Evne å sjå heilskapen, og å komme med innspel til korleis ein kan sikre betre datakvalitet
- Evne å hente ut nødvendig innsikt frå store datasett og kommunisere dette til interessentar
Vi kan mellom anna tilby
- Ei spanande stilling med ein viktig funksjon hjå ein leiande aktør
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Fagleg dyktige kollegaer
- Framoverlent organisasjon som satser på sine tilsette
- Konkurransedyktig løn og vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Kollektiv bonusordning
- Kjekke firmaturer
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Som Framtidsfylket-trainee får du:
- Einspennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eitmangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og einutanlandstur
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august 2023 til august 2024.
Kontakt:
Jan Reidar Kalstad, Økonomisjef
E-post: jan.reidar.kalstad@enivest.no
Tlf: 97544723
Enivest AS er eit teknologiselskap i vekst. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Enivest leverer fiber til over 22.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til fiber leverer Enivest tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, telefoni og WiFi-løysingar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Sandane, Sogndal og Florø. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår: www.enivest.no
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
15.03.2023Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
FiberoptikkUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4971832Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 24.01.2023