• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3209706
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

To faste 100% stillingar som vernepleiar!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi er på jakt etter to engasjerte vernepleiarar til ambulerande tenester i kommunen. Det er turnusarbeid med arbeid kvar 4. helg med langvakter laurdag og søndag. Årsturnus blir gjeldande frå desember 2020.

Om arbeidsstaden

Habiliteringsteneter i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Organisert under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Ambulerande tenester er ein avdeling under Habiliteringstenester, oppretta  01.01.2020. Avdelinga gir tenester i heimen til personar som treng hjelp, bistand og råd for å meistre kvardagslege oppgåver blant anna  knytt til helse, fritid og huslege gjeremål.

Med miljøarbeid av høg fagleg kvalitet legg me til rette for god samhandling med fokus på meistring. Tenester vert gitt etter vedtak basert på den einskilde sine behov.

Ambulerande tenester har fokus på innovasjon og ønskjer å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar til det beste for tenestemottakar.  

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og leggje til rette for individuelle tenester
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar i journalsystemet Profil
  • Igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
  • Primærkontaktoppgåver
  • Samarbeid med tenestemottakar, pårørande, kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Delta i fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene

Kompetanserkav

  • Offentleg godkjente vernepleiarar. Andre med relevant høgskuleutdanning og erfaring vil også bli vurdert
  • Førartkort klasse B 
  • Meistre det norske språket både munnleg og skriftleg

Ønskt kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne og autismespekterforstyrring
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar 
  • Kunnskap og erfaring med kartlegging, målretta miljøarbeid og habilitering

Personlege eigenskapar 

  • Du kan visa til gode haldningar og vere personleg eigna for arbeid med menneske
  • Du har ei positiv innstilling og gjerne erfaring med bruk av velferdsteknologi
  • Du har evnen til å tåle andre personar si såbarhet og til tider utfordrande adferd
  • Du har evne til å reflektere rundt eigen og andre sin praksis
  • Du er endringsvillig og kan delta i utvikliga av avdelinga
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode datakunnskapar

Vi tilbyr

  • Eit hyggelig arbeidsmiljø prega av samhald, godt humør og eit sterkt engasjement for tenestemottakarane

  •  

    Varierte, spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, der du får brukt kompetansen din
  • Løn etter gjeldande tariffavtale  

Politiattest

 Det er krav om politiattest som ikkje er endre enn 3 månader. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3209706
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.10.2020