Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Tilkallingsvikar i barnehagar, skuler og SFO i Hemsedal

Offentlig forvaltning

Skule og barnehagar i Hemsedal søker etter tilkallingsvikarar. Det vil med jevne mellomrom dukke opp stillingar i barnehage, skule og SFO gjennom året, så då vil du som tilkallingsvikar ha ein mogelegheit til kortare eller lengre engasjement .

Vi søkjer etter deg som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter barn og foreldre på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har gode norskkunnskapar og beherskar språket

Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon.

Krav til kompetanse:
Det er eit krav om barnehagelærarutdanning i stilling som barnehagelærar eller pedagogisk leiar.
Det er eit krav om lærarutdanning i stilling som lærar.
Vi søker assistent, fagarbeider, eller personar med anna relevant erfaring/kompetanse.

Erfaring frå arbeid med barn- og unge og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er eit krav om godkjent politiattest ved tilsetjing i denne stillinga.

Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vi oppmodar om at du laster opp vitnemål og attestar som ein del av den elektroniske søknaden, men dei må i tillegg sendast
pr. e-post til:postmottak@hemsedal.kommune.no. Referansar vil bli innhenta. Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Kontaktpersonar:
Eva Markegård, styrar            tlf.nr.: 468 11 942                           eva.markegard@hemsedal.kommune.no
Ellen Wang Fredriksen, rektor  tlf.nr: 930 90 077        ellen.wang.fredriksen@hemsedal.kommune.no