• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4682900
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 25.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Tenesteleiar veg og park

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me i Sogndal kommune har i vår samfunnsplan sett som mål å forme fruktbare og trivelege tettstader. Det er sett som satsingsområde at vegar, og særskild gang- og sykkelvegar, skal ha god standard og knyte saman stadene på ein naturleg måte. Grøntområde og parkar skal vere med på å skape gode plassar der folk naturleg kan møtast og vere aktive og sosiale. Me ynskjer å ta eit bra utgangspunkt vidare; drifte og gradvis forme tettstadene og grendene i Sogndal kommune på ein måte der me set mennesket i sentrum. Tenesteleiar for veg og park vil få ei nøkkelrolle i dette arbeidet. Så - vil nettopp du vere ein del av dette me skal gjere i lag i tida som kjem?

Stillinga er ei leiarstilling som har ansvar for vegdrift, parkering, kaier og drift av parker og grøntområde i kommunen. Stillinga skal i samspel med fagstillingar forvalte, drifte og utvikle området. Veg og park er eit tenesteområde med to stillingar i tillegg til ei driftseining med ca. 10 årsverk. Tenesteområdet ligg under kommunalsjefområde Plan og teknisk, og vil også jobbe saman med tenesteområde for Bygg og eigedom, tenesteområde Vatn og avløp og tenesteområde Plan og forvaltning. Stillinga inngår i kommunalsjefen si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing av tenesteområdet med fag, økonomi og personalansvar.
  • Legge premissar for langsiktig, strategisk planlegging for området.
  • Drift av kommunale vegar, parkeringsplassar og kaier.
  • Trafikktryggingstiltak
  • Parkeringsordninga
  • Grøntområde og parkdrift.
  • Investeringsprosjekt i samarbeid med eiga prosjekteining

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning på bachelor eller masternivå. Praktisk erfaring frå relevante stillingar/fagområde vil bli vurdert og vil dels kunne erstatte formelt kompetansekrav.
  • Leiarerfaring
  • Førarkort klasse B

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • Erfaring frå fagområda som er knytt til tenesteområdet.
  • Kunnskap om offentlege innkjøp, kontraktar og avtalar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kjennskap til offentleg sektor.
  • Kunnskap om IKT og digitale løysingar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert og høg gjennomføringsevne
  • Aktiv og motiverande leiarstil
  • Evne til samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • God evne til kommunikasjon internt og eksternt.

Personlege eigenskapar er viktige og vil i stor grad bli vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4682900
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 25.06.2022