Detaljer


TEKNISK LEIAR/BILMEKANIKAR

Ulvik er ei perle i Hardanger og byr på det meste; mange friluftsstilbod og gode tilbod innan skule, idrett og fritid. Ulvik Bensin & Service AS vart etablert i 1990, er tilknytt MECA-kjeda og har i dag to mekanikarar. Me tilbyr m.a.: Eu-kontroll (PKK) – Service – Reparasjonar av dei fleste bilmerke – Flushing av girkassar – AC- service – Dekksal med omleggjing og dekkhotell. Me er også forhandlar av Husqvarna produkt.


Me søkjer Teknisk leiar/bilmekanikar

KVALIFIKASJONAR

  •  Fagbrev som bilmekanikar
  •  4 års erfaring frå autorisert bilverkstad
  •  Førarkort klasse B
  •  Må kunna norsk skriftleg og munnleg godt

ME TILBYR:

  •  Konkurransedyktig løn
  •  Godt arbeidsmiljø
  •  Trivelege kundar
  • Om naudsynt, hjelper me til med å skaffa bustad.

Søknadsfrist/tiltreding: Snarast.

Søknad sender du til: Ulvik Bensin & Service AS Espelandsvegen 20, 5730 Ulvik eller e-post til ubs@ulvik.org

Kontaktperson: Bjarte Erdal tlf. 911 79 749

MECA - Tlf. 56 52 63 89