Bedrift
Ulvik kommuneSøknadsfrist
18.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5730, ULVIK
ULVIK
NorgeAndre arbeidssteder
UlvikAntall stillinger
1karriere-kode
3802041Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
- Oppdatert 06.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ulvik kommune
STYRAR I ULVIK BARNEHAGE
Offentlige tjenester og forvaltning
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon, besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.no eller www.visitulvik.no
Ulvik barnehage har uteområde med variert terreng, frukthage, bakkar og leikeapparat. Barnehagen er godkjent for barn i alderen 1-6 år og vil kommande barnehageår ha ca. 50 plassar i bruk. Barnehagen har Inkluderande barnehagemiljø som satsingsområde.
2. gangs utlysing:
Me har frå 01.08.2021 ledig 100% fast stilling som styrar i Ulvik barnehage
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Ulvik herad sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar. Styrar har hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen.
- Styrar deltek i HardangerVoss kompetanseregion sitt nettverk.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning/erfaring innan leiing er sterkt ynskjeleg. Om den som vert tilsett ikkje har utdanning innan leiing, må vedkomande vere villig å ta utdanning tilsvarande styrarskulen innan det har gått fire år etter tilsetjing.
- Barnehagen nyttar ulike dataverktøy i utøving av leiaroppgåver. Søkjar må difor ha god digital kompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt, og vi søkjer deg som:
- Har gode leiareigenskapar og eit stort pedagogisk hjarte
- Er løysings- og utviklingsorientert
- Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
- Har ein open og tydeleg kommunikasjon
- Har gode samarbeidsevner, er strukturert og målretta
Me tilbyr:
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad
For nærare opplysningar ta kontakt med
stabssjef Anette T. Hjeltnes, mob: 400 07 118 eller rådmann Thore Hopperstad, mob: 400 07 158.
Send søknad inn digitalt på www.Ulvik.kommune.no Du finn digitale søknadsskjema under «Ledige stillingar». Merk søknaden med sak 21/302.
Søknadsfrist: 18. mai 2021.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Bedrift
Ulvik kommuneSøknadsfrist
18.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5730, ULVIK
ULVIK
NorgeAndre arbeidssteder
UlvikAntall stillinger
1karriere-kode
3802041Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
- Oppdatert 06.05.2021