Detaljer

  • Søknadsfrist
    12.12.2018
  • Bedrift
    NIBIO Landvik
  • Sted:
    GRIMSTAD
  • Type arbeid:
    Lederstilling
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Forskning og utvikling
  • Utdanningskrav:
    Master
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Fylke:
    AUST-AGDER
  • Arbeidssted:
    Grimstad
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    1081341

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stasjonsleiar NIBIO Landivk

Stasjonsleiar NIBIO Landivk

Nøkkelinformasjon

Stillinga er ei sentral rolle for leiing, forsking og ekstern samhandling i regionen. Leiarfunksjonen vil utgjere 50% av full stilling og er organisert i Organisasjonsstab under Eigedom og drift.

50 % av arbeidsoppgåvene vil være knytt til forskingsoppgåver innan grøntproduksjoner, gras til grøntanlegg og sportsgras eller Akvaponics.  Arbeidsstad er Landvik ved Grimstad.

Hovudoppgåvene til stillinga
  • Legge til rette for effektiv utnytting av ressursar og gode arbeidsforhold for medarbeidare på forskingsstasjonen
  • Utvikle, tilpasse og vedlikehalde all infrastruktur på stasjonen
  • Økonomisk styring og kontroll innafor stasjonen sine fastsette rammer
  • Personalansvar med rekruttering, fagleg utvikling og oppfølging av dei tilsette i eigedomsstaben
  • Sikre at gjeldande lover, reglar og interne rutiner blir fulgt
  • HMS-ansvar for forskingsstasjonen
  • Profilere og representere NIBIO lokalt og regionalt og bidra med samarbeid med andre i NIBIO
  • Forsking innan fagområder som i dag fins på stasjonen

Kvalifikasjonskrav
  • Landbruksfagleg utdanning, eller annan relevant utdanning på masternivå innafor stasjonen sine fagområder
  • Solid og relevant erfaring
  • Leiarerfaring
  • Gode språkkunnskap i norsk og engelsk

Det er ein fordel om du har
  • Innsikt i forskingsområdene som blir gjennomført på stasjonen
  • Praktisk erfaring med jord- og plantekultur samt eiendomsforvaltning

Personlege eigenskapar
  • Gode leiareigenskaper
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar og nettverk
  • Evne til å jobbe resultat- og marknadsorientert
  • Løysings og utviklingsorientert

Vi tilbyr

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som avdelingsleiar kode 1407, lønssteg 65-74 (kr 576.100 - 682.200 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Treng du meir informasjon?

Kontakt eigedomsleiar Rolf Johansen, tlf  995 20 078 eller stasjonsleiar Erling Stubhaug, tlf 902 05 677  

Korleis søkja på stillinga

Søknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Generelle opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

NIBIO er ei IA-verksemd (inkluderande arbeidsliv).

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.