Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Spesialpedagog - 100 % fast stilling p.t. Tuv barnehage

Offentlig forvaltning

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i Tuv barnehage. Stillinga er ledig frå 1.august 2021.

Stillinga inneheld arbeid med enkeltbarn og barn i grupper som treng ekstra støtte/førebyggande tiltak, deriblant barn med enkeltvedtak. Stillinga inneber tett samarbeid innad i barnehagen, og med andre instansar som t.d. ppt og helsestasjon. Barnehagen nyttar ASK som kommunikasjonsmiddel. 

Beskrivelse arbeidsstad:
Tuv barnehage har 3 avdelingar. Barnehagen høyrer til Tuv oppvekstsenter, og ligg saman med skulen, 1. - 4. trinn. Barnehagen deltek i prosjektet inkluderande barnehage og skulemiljø, saman med barnehagen og skulane i Hemsedal. På Tuv har vi eit eige uteområde og gode turmogelegheiter rett utanfor. 

Vi søkjer etter deg som:

  • er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
  • møter barn og foresatte på ein open og respektfull måte
  • har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
  • er fleksibel og sjølvstendig
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • har gode norskkunnskapar og beherskar språket

 Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i veiledande team og m.a. må vere løysingsorienterte og reflekterte.

Krav til kompetanse:
Det er krav til pedagogisk utdanning på høgskulenivå, helst utdanning innan fagfeltet spesialpedagogikk. Anna relevant kompetanse kan og vurderast. Arbeid med barn- og unge og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er eit krav om godkjent politiattest ved tilsetjing i denne stillinga.

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
  • Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7 

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Til informasjon vil søknadene bli behandlet fortløpende og stillingen kan bli besatt før søknadsfristens utløp.
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn.
Velg "Søk her" i menyen til høyre i EasyCruit.
Alle søkere vil få en bekreftelse på e-post om at søknaden er mottatt.

Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringer i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.