• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4124747
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 29.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Spesialkonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivilligheit. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll kommune ønskjer å gje innbyggjarane moglegheit til å bu lengre i heimane sine, at dei kan ta eigne val og vera lengst mogleg sjølvstendig og oppleva meistring.

Spesialkonsulenten skal vera brubyggjar og bidra til å realisera desse verdiane.Spesialkonsulenten er organisert under Helseservicekontoret inkl. koordinerende eining og ansvarsområde er nyoppretta.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som kan bidra til å få utarbeida mål og strategi for velferdsteknologi i kommunen, ein fagperson som kan kartleggja, samt sjå nytteeffekt opp i mot brukar og beskriva gevinstar.

Austevoll kommune er tilknytta Vestlandsprosjektet for velferdsteknologi, som den nytilsette medarbeidaren skal jobba i nettverk saman med. I dette arbeidet er det hausta mykje kunnskap og erfaringskompetanse som er dokumentert, og på ein enkel måte kan gjerast open.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Kartleggje behov på system og individnivå
  • Utarbeida tenestesforløp for dei ulike teknologiske innretningane
  • Utarbeide rolle og ansvarsmatrise for sakshandsaming
  • Ansvar for å utarbeide gode rutinar for implementering og drift av teknologien i kommunen  inkl. opplæring
  • Utvikle gode resultatindikatorer i hensikt å følge med effekt av velferdsteknologi som integrert verktøy i helse og omsorgstenesta
  • Evaluere tenester og prossessar
  • Oppgåver knytt til sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fagområde. Tilleggsutdanning innan velferdsteknologi er ei fordel, gjerne mastergrad.
  • Erfaring frå arbeid med velferdsteknologi/digitaliserering
  • God organisasjonsforståelse og erfaring innan endringsprosesser
  • Kunnskap om offentlig forvaltning og politiske prosesser
  • Engasjement for innovasjon og samskaping
  • God kjennskap til digital kommunikasjon og digitale plattformar
  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne
  • Førerkort klasse B

Søkjar må vere personleg eigna, og ved tilsetting vil vi legga stor vekt på dei personlege eigenskapane vi krev for stillinga. Vi søkjer deg som er engasjert og kan bidra som agent for velferdsteknologi.

Vidar må du:

  • Ha gode  kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Vere ansvarleg, strukturert og initiativrik
  • Trivast i ei pådriverrolle
  • Vere sjølvstendig og utadvendt, med gode evne til å skapa engasjement

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det blir vurdert stillingskode som rådgjevar.

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4124747
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 29.09.2021