Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3935368Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 17.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Spennande sommarjobb for ungdom!
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
18. juni lanserer Sogndal kommune ei nettside for å leggja ut og søka på småjobbar. Kopla.no gjer det mogleg for bedrifter og privatpersonar å leggja ut småjobbar som ungdom mellom 13 og 18 år kan søka på.
Me søker difor etter to personar over 16 år som skal vera vertar for sida.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera å svara på førespurnadar og å hjelpa dei som nyttar sida. Du vil få tilgang til ein e-postkonto der brukarane kan senda inn spørsmål. Du må ha eigen pc og tilgang til internett. Opplæring vil bli gitt.
Me søker to ungdommar som har høve til å gjera jobben gjennom sommaren og fram til midten av august. Perioden vil bli delt mellom dei to etter avtale (om lag tre veker kvar). Så lenge du har tilgang til PC og internett, kan du jobba der du ønskjer.
Tykkjer du det er kjekt å hjelpa andre og har kunnskap om data og IT? Er du pliktoppfyllande og serviceinnstilt? Søk da vel!
Det er kjekt om du har noko arbeidserfaring innanfor kundebehandling eller liknande, men det er ikkje eit krav.
Du kan levere søknad enten via EasyCruit, eller ved å senda ein e-post med søknad og CV til aina.thomassen@sogndal.kommune.no
Søknadsfrist: 25.06.21
Løn etter avtale.
Ved spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Aina Thomassen
E-post: aina.thomassen@sogndal.kommune.no
Telefon: 41 69 16 15
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3935368Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 17.06.2021