Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
03.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5700, VOSS
VOSS
Antall stillinger
1karriere-kode
3737013Se her for andre jobber fra Skatteetaten
- Oppdatert 20.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Skatteetaten
Spennande leiarstilling i Skatteetaten på Voss
Offentlige tjenester og forvaltning
Sjølv om vakre Voss kanskje er mest kjent for Ekstremsportveko, er det ingen ekstremsport å væra leiar hos oss. Du må ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å trivast, men er du glad i naturen er det uante moglegheiter her i hjarta av Noreg. Og kva meir kan du be om – dersom du i tillegg har ein spennande jobb som denne.
Vi ser etter deg som ønsker å bidra til den spennande endringsreisa Skatteetaten står føre. Vi er ein stor etat der leiarane våre må evna å tenka heilskapleg og trivast med å samarbeida på tvers av ulike fagmiljø. Leiarar i Skatteetaten blir motiverte av å vera i ei leiarrolle, ønsker å bruka tid på leiarskap og er villige til å utvikla eige leiarskap.
Avdeling Fokusområder har ansvar for prioriterte risikoområde og komplekse forhold på skatte- og avgiftsområdet. Avdelinga skal forvalta og utvikla effektive og treffsikre verkemiddel for å handtera og førebygga avvik i etterlevelsen.
Avdelinga består av 3 seksjonar. Seksjon 2 består av 9 grupper spreidd på lokasjonar i Lillestrøm, Skien, Voss, Førde, Ålesund og Leknes. I Voss er det 1 gruppe, og består av 15 medarbeidarar. Seksjonen er samansett av tverrfagleg kompetanse og skal ha spisskompetanse på skatt og arbeidsgivaravgift.
For å ta vare på samfunnsansvaret vårt og bidra til å kjempa mot Covid-19, følgjer Skatteetaten til kvar tid dei nasjonale råda frå helsestyresmaktene. Vi gjennomfører derfor alle intervju på video inntil vidare.
Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule på bachelor/masternivå. Utanlandske utdanningar må vera godkjent av NOKUT. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
- Tidlegare leiarerfaring tel positivt
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Kompetanse innan skatte- og forvaltningsrett er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring frå organisasjonsutvikling er ein fordel
Personlige egenskaper:
- Endringsvilje og -evne
- Gode kommunikasjonsevner
- Gjennomføringsevne
- Lagspelar med fokus på samarbeid internt og eksternt
- Evne til å engasjere og motivere
Noko reiseverksemd må påreknast
Vi tilbyr:
- Moglegheiter til å kombinera ei aktiv fritid med ei spennande leiarstilling
- Moglegheita til å jobba med samfunnsaktuelle saker
- Utfordrande oppgåver og store fagmiljø
- Kompetanseutvikling
- Fleksitid og betalt overtid
- Trening i arbeidstida
- Ein raus personalpolitikk
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som underdirektør (kode 1059), frå kr 700 000 – kr 850 000, avhengig av kvalifikasjonar
Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
03.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5700, VOSS
VOSS
Antall stillinger
1karriere-kode
3737013Se her for andre jobber fra Skatteetaten
- Oppdatert 20.04.2021