Detaljer

  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Bedrift
    Austrheim kommune
  • Sted:
    AUSTRHEIM
  • Type arbeid:
    Annet
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    AUSTRHEIM
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    309143

Sosionom sosialtenesta

Sosialtenesta søkjer medarbeider tilknytta Nav. Er du sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning, er du
kanskje den vi leitar etter? Om du ynskjer å bidra til gode tenester for våre brukarar og du trivest i ein hektisk og
spanande arbeidskvardag, er det nettopp deg vi søkjer.

Det er ledig frå snarast eit års vikariat i 100% stilling som sosialkurator med moglegheit for fast tilsetting.

Arbeidsoppgåver
Kartleggje behov, gje råd og rettleiing. Motivere for tiltak som kan bidra til aktivitet. Sakshandsaming økonomisk
sosialhjelp, oppfølging og økonomisk rådgjeving. Arbeidsoppgåver i høve til rus/psykiatri inngår og. Publikumsmottak
og andre oppgåver som inngår i Nav-kontoret si oppgåveløysing.

Krav til kompetanse
- Sosionom eller tilsvarande relevant 3-årig utdanning frå høgskule/universitet
- Særleg relevant praksis kan delvis kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå rus/psykiatri arbeid er ynskjeleg
- Kjennskap til rettleiing i høve til privatøkonomi og økonomisk rettleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Fleksibilitet

Personlege eigenskaper
Du må like å ha det hektisk og ha stor arbeidskapasitet. Du må ha evne til å snakke med menneske i ulike
livssituasjonar/kriser, du må vere i stand til å ta sjølvstendige avgjersler og ha gode samarbeidsevner. Personlege
eigenskapar vil bli vektlagt.

Informasjon om stillinga
For nærare opplysningar kontakt Avdelingsleiar Torill Heldal Hansen, tlf. 41 42 40 19.

Vi kan tilby
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å sende
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,
www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontaktperson
Torill Heldal Hansen, Leiar NAV, mobil: 41424019, Torill.Heldal.Hansen@nav.no