Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
25.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3798449Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 05.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sommarvikarar 60% på innbyggjarservice
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om innbyggjarservice i Alver:
Innbyggjarservice er kommunen sitt ansikt utad. Vi svarar på spørsmål og rettleiar innbyggjarane våre – både på telefon og ansikt til ansikt. Vi har resepsjon tre plassar i kommunen – i Knarvik, på Frekhaug og Manger.
Vi treng to ferievikarar på innbyggjarservice frå midten av juni til midten av august.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåva vår er å følgje opp innbyggjarar som tar kontakt med kommunen. Du skal svare på spørsmål om kommunen sine tenester og formidle kontakt til leiarar og tilsette i alle avdelingar.
Vi treng at du har følgjande kompetanse:
- Fullført vidaregåande skule.
- Førarkort og tilgang på bil, slik at du lett kan ta vaktar på alle dei tre lokasjonane våre (Knarvik, Frekhaug og Manger
Vi ønskjer også at du:
har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- har godt humør, er omgjengeleg og har ei naturleg serviceinnstilling.
- har motivasjon og evne til å ta i bruk digitale verktøy og tileigne deg ny kunnskap.
- er løysingsorientert og trivst i eit miljø med høg fart og mange oppgåver.
Vi jobbar i team. Det er difor ein føresetnad at dette er ein arbeidsform du handterer og trivst med.
Vi legg stor vekt på dei personlege eigenskapane dine i rekrutteringa.
Det hadde vore interessant om du studerer eller er i ferd med å avslutte relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå.
Vi tilbyr:
- Du vil få opplæring i telefonsystemet vårt og andre nødvendige fagsystem.
- Du vil bli del av eit dyktig og humørfylt team, som strekker seg langt for innbyggjarane i kommunen.
- Lønn- og tilsettingsvilkår etter tariffavtale
Slik søker du:
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
25.05.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3798449Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 05.05.2021