• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3498180
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 18.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Sommarvikar ved Miljøterapitenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som ferievikarar hos oss i sommar.
Avdelinga gir tenester til personar med utviklingshemming som bur i sin eigen bustad og til familiar som treng avlastning.
Våre einingar er Helsetunvegen, Kristenbråten, Arbeidssenteret og Avlastning og pårørendestøtte.
Eininga har mange spennande utfordringar innafor fleire fagfelt.

Det er ein fordel med erfaring eller utdanning frå slikt arbeid, men ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du kan gjerne
vera student, heimeverande eller pensjonist.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar for stillingane og krav om gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Vi vil prioritere dei søkjarane som kan arbeide veke 26, 27, 28, 29, 30, 31 og 32. Søkjarane må ha fylt 18 år når dei
begynnar i jobben.

Vi ber om at du oppgjer kor du ønskjer å arbeide, dersom du har ønske, og at du opplyser om kva tidsrom du kan arbeide hjå oss (start og slutt).

For stillinga gjeld:
Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande reglement, lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3498180
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 18.05.2021