Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Sommarjobb ved legekontor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du helsefagarbeidar, helsesekretær, sjukepleiar eller student på jakt etter sommarjobb?

Legekontor i Vaksdal kommune ser etter deg som kan tenkje deg å vere sommarvikar hos oss, i perioden mellom veke 25-33. Skriv i søknaden kva veker du ynskjer å arbeide i sommar.

Arbeidsstad

  • Legekontor i Vaksdal kommune

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kan blant anna vere:

  • Blodprøvetaking
  • Sårstell og skadestove
  • Kontroll av enkelt labutstyr
  • Prosedyrar som EKG og spirometri
  • Administrative oppgåver
  • Andre forefallande oppgåver

Opplæring vert gjeven.

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, helsesekretær, sjukepleiar eller anna relevant utdanning
  • Andre søkjarar med relevant erfaring eller utdanning kan også bli vurdert
  • Godkjent politiattest må synast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på erfaring frå tilsvarande arbeid og å vera personleg eigna.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Vaksdal kommune legg til rette for vidareutdanning og gjev kompetansetillegg for relevante studiepoeng

Kontaktinformasjon
For spørsmål knytt til tilsetjingsvilkår og liknande, ta kontakt med avdelingsleiar June Eide Viken.
For spørsmål knytt til sjølve arbeidsoppgåvene, kontakt Sandra Rødland; sandra.rodland@vaksdal.kommune.no. Tlf: 56594410

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04