• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2021
  • Stillingsfunksjon
    Sjukepleiar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4100633
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 16.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiarar i 3 faste stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde Omsorgssenter, Kortidseininga:

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre einingar held til her. Korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.

Førde Omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søkjer din sjukepleiekunnskap!

 Har du lyst å blir vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord!

Vi på Korttidseininga har for tida fleire spennande stillingar som sjukepleiarar ledig.
  •  Vi treng 3 ny sjukepleiarar i fast stilling. 2 i 100% stilling og 1 i 80% stilling.

Stillingane er organisert i turnus med arbeid dag/ kveld/natt/ helg.

Arbeidsoppgåver:
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande, sjukeheimslege og spesialisthelsetenesta
  • veileder og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
  • turnus med arbeid kvar 3.helg.

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i!
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet  i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, skriftelet og munnleg
  • gode IKT- kunnskapar
  • godkjent politiattest av ny dato må leverast før tiltreding i stilling

Vi søker deg som ønsker å jobbe på ei spennande og lærerik eining, ilag med ein gjeng veldig kjekke kollegaer. Vi er ei eining med 15 pasientar. Dei fleste av våre pasientar kjem frå sjukhuset, då dei treng noko meir oppfølging før dei skal heim. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna sjukepleiarar til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

Vi søker deg som:
  • har motivasjon for å jobbe på ei Korttidseining og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr:

  • tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • ein meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
  • spanande og meidningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
  • kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeismiljø
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP

 

Velkomen som søkar!

 

Du må søke elektronisk!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2021
  • Stillingsfunksjon
    Sjukepleiar
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4100633
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 16.09.2021