• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Sjukepleiar
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3905679
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Sjukepleiarar

Sunnfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre einingar held til her, korttid, langtid og skjerma. Vi ønsker å vere ei teneste med eit framtidsretta mål, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.

Førde omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søkjer din sjukepleiekunnskap! Korttidseininga har for tida fleire spennande stillingar ledig, og søker etter:

4 sjukepleiarar i 100 % fast stilling                                                                                             Vi søker deg som:

Ønsker å  jobbe på ei spennande og lærerik eining, i lag med ein gjeng veldig kjekke kollegaer. Vi er ei eining med 15 pasientar. Dei fleste av våre pasientar kjem frå sjukehuset, då dei treng noko meir oppfølging før dei skal heim. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna sjukepleiarar til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

  • har motivasjon for å jobbe på ei korttidseining og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
 Om stillingane:
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande, sjukeheimslege og spesialisthelsetenesta
  • rettleiings- og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
  • turnus med arbeid kvar 3.helg

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet  i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • for tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 mnd
  • stillinga er organisert i turnus med arbeid dag/kveld/natt/helg
  • må beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap 
Kva tilbyr vi:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjon- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

 

Politiattest må leverast før du tek til i stillinga.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

 
  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Sjukepleiar
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3905679
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune