• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4613765
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar x 2- 60 % natt NHLV

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi har ledig to faste 60 % stillingar på natt med arbeid kvar 3. helg.
Det vil kunne bli mogleg med auke i stillingsprosent.

Om Nordhordland Legevakt
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Den interkommunale øyeblikkelig hjelp døgneininga (ØHD) er organisert under legevakta. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. 

Arbeidsoppgåver

  • Legevakt som mottak og triagering av pasientar
  • Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege
  • Prøvetaking og laboratoriearbeid
  • Dokumentasjon i journalsystem (Dips og Infodoc)
  • Mottak, observasjon og behandling av pasientar på sengepost

Kompetansekrav

  • Du er autorisert sjukepleiar
  • Du har helst 2 års erfaring som sjukepleiar
  • Det er eit føremon om du har erfaring frå arbeid på legevakt
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kven er du?
Vi søkjer no etter sjukepleiare som er fagleg engasjert og oppdaterte, og som har ei særleg interesse for legevaktsarbeid. Du har eit godt pasientfokus, og gjer god pleie og omsorg både for pasientar på legevakta og på sengeposten (ØHD). Vi ønsker at du skal ha gode kommunikasjonsevner og at du er proaktiv og løysingsorientert i arbeidet ditt. Hos oss er det viktig at du har eit godt klinisk blikk, og at du kan prioritere mellom arbeidsoppgåver. Det er ofte mykje som skjer på ei nattevakt på legevakta, og vi søkjer derfor etter sjukeleiare som er effektive og kan håndtere travle vakter på ein god måte. 

Vi tilbyr
Fagleg spennende/utfordrande oppgåver
Godt arbeidsmiljø
Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- meir enn garantilønn i tariffavtalen
Kompensasjon for arbeid på natt er kr 18 000,- i 100 % stilling

Politiattest

I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4613765
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.05.2022