Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.10.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4763506Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 14.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Sjukepleiar /vernepleiar - Prestahagen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling
- 100% fast stilling som sjukepleiar(vernepleiar
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.
Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i omsorgsbustad
- Rettleia for studentar/lærlingar og andre
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Legge til rette for miljøtiltak
- Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
- Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i vernepleie/sjukepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg.
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Easy Cruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.10.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4763506Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 14.09.2022