• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4882905
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Sjukepleiar / vernepleiar 100 % fast stilling - Heimetenesta

Offentlig forvaltning

Er du sjukepleiar / vernepleiar som ønskjer å jobbe i den kommunale helse- og omsorgstenesta?
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomsteikn?
Ønskjer du å vere med å utvikle alternative tenester som, Vipps, kvardagsrehabilitering, - meistring og velferdsteknologiske løysingar?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg?
Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?

Då treng vi deg!

Vi har ledig 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar i heimetenesta.

Kva er di ideelle arbeidstid? Vil du jobbe 70 % eller 100 %? Vil du ha ei mindre stilling og moglegheit til å ta ekstravakter når det passar deg? Eller ein turnus med inntil 12 timars vakter? Me prøver å leggje til rette for det du ynskjer.

Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Vi ynskjer å jobbe med deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Er du nyutdanna er du velkomen til å søkje - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Vi treng deg dersom du

  • leitar etter verne- /sjukepleiar utfordringar i kommunehelsetenesta
  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • tilrettelagde og nye lokaler
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • todelt turnus (vi har eigen nattevaktsturnus)
  • arbeid 4. kvar helg i 12,5 timars vakter med påfølgjande langfri veka etter
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • hjelp til å skaffe bustad
  • rekruttere og behaldetillegg
  • rabattert pris på treningssenter
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg og pensjonsordning i KLP

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Bu og jobbe i Ål

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål! Meir info her!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    04.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4882905
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.11.2022