Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Sjukepleiar, sone BBD

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Gulen kommune har ledig:

  • 100% vikarstilling som sjukepleiar ved sone BBD frå 01.04.2020 - 31.01.2022. Stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. 
  • 100% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå 01.04.2020. Stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes. 

I begge stillingane er det for tida turnus med arbeid 3. kvar helg. 

  

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver. 
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane  
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.  
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad