Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.09.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4702190Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar natt 50% fast - Heimetenesta sone nord
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre goegrafiske soner med sonekontor på Straume, i Skogsvåg og på Rong.
Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og åleine. Me treng deg som ein kompetent sjukepleiar som kan utføre sjukepleiefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver. Me ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.
Det vert no lyst ut etter 50% fast stilling for sjukepleiar i natttenesta. Stillinga inngår i årsturnus og er ledig frå 13.10.2022.
Arbeidsoppgåver:
Som sjukepleiar på natt vil ein ha ansvar for heimebuande brukarar som har behov for hjelp om natta, samt dei som har tryggleiksalarm. Det er samarbeid mellom sonane om oppdrag på natt, og ein kan pårekne å utføre oppdrag i anna sone om behovet for kompetanse er tilstades.
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumenterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som brenn for faget sitt, er fleksibel og likar ansvar og utfordringar. Du blir del av eit godt miljø der me vektlegg trivsel, kvalitet og samarbeid. Det vert vektlagt at du kan arbeide sjølvstendig, har gode etiske og fagleger haldningar, er trygg på deg sjølv, har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 35 000 over sentral garantiløn
- Sjukepleiar på natt får eit tillegg på kr. 40 000 så lenge ein jobbar på natt
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.09.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4702190Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 27.08.2022