Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
03.01.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3312511Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.12.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar natt - 2 stillingar- Knarvik Sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleier og vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø i sjukeheimtenesta?
Vi har ledig stilling som sjukepleiar på natt på Knarvik sjukeheim.
Stillingsstorleik er på 76% og 60% med arbeid kvar 3. helg. Skriv i søknadstekst kva stilling du søkjer.
Om arbeidsplassen:
Knarvik Sjukeheim består av tre avdelingar med langtidsplassar for personer med demens, korttidsplassar, rehabiliteringsplassar og avlastningsplassar.
Vi har sjukeheimslege på huset kvar vekedag. Vi har vårt eige produksjonskjøkken.
Arbeidsoppgåver:
Som sjukepleiar på natt arbeider du sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gje heilskapleg omsorg og behandling.
Kvalifikasjonskrav:
- Norsk autoriasjon som sjukepleiar
- Dersom du er utdanna utanfor norden treng du godkjent B2- test
- Godkjendt politiattest
Ønskt kompetanse:
- Gode norskkunnskaper
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Relevant vidareutdanning
Vi ønskjer ein fagperson med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimtenesta i kommunen vår.
Du er ein rollemodell som kan arbeida sjølvstendig og i team. Du vil bidra til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda å søkje.
Vi tilbyr:
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Tillegg for nattevakt kr. 18.000 pr år i 100% stilling
- Rekrutteringstillegg på inntil kr. 50.000 i 100% stilling.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
03.01.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3312511Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 08.12.2020